Halvard Bøe brenn for filming og fotografering. 

Halvard har tidlegare hatt fleire oppdrag innan filming og fotografering, og starta difor opp firmaet hausten 2016. To år på rad (2015 og 2016) vart han vinnar av «Årets Landsbruksvideo». 

Han hadde førstegangstjenesten sin i Forsvaret som videofotograf på Forsvaret Mediesenter i Oslo som einaste vernepliktige på avdelinga si frå 2019 til 2020. Der jobbet han med å produsere innhold til forsvarets sosiale medier.

Om du vil vise fram firmaet og produkta dine, er film ein av dei beste måtane å gjere det på. Då kan du få fram arbeidet bak produktet, kva funksjonar og kvalitet det har. Halvard nyttar både filming frå lufta og på bakkenivå med veldig god biletkvalitet. Når ein kombinerer begge deler får ein eit fantastisk resultat. 

 

Halvard har erfaringa, kunnskapen, fantasien og viljen til å lage filmen du er på jakt etter! Halvard kan tilby deg som privatperson eller bedrift høg kvalitet til ein svært gunstig pris.

 

Å få laga flotte filmar treng ikkje lenger å vere dyrt

Landbruk

Halvard er odelsgutt og oppvaksen på gard på øya Fogn i Stavanger kommune. Han har fleire verv i bygdeungdomslaget og bondelaget. I tilegg til foto og filming driv han ein liten maskinstasjon. Å fremme bønder, landbruksprodukter, landbruksredskap osv har Halvard alltid vert brennande engasjert for. 

Er ein på jakt etter nokon som kan fange deres tjeneste eller produkt innenfor landbruket på film eller foto så er dette mannen for jobben!

Halvard Bøe